måndag 1. mars 2010

Refleksjon av oppgåva

Refleksjonsnotat frå arb.krav 1 for Reimund Breisnes Loven

Tema: Korleis lage kvit saus.


Planlegging

Eg brukte litt tid på å tenkja over kva fag eg ville laga eit læringsobjekt til. Var innom fleire fag, men enda til slutt opp med Mat og Helse. I skulen i dag vert det etter som eg har erfart ikkje nytta mykje digitale læremiddel i dette faget. Oppskrifter vert som regel funne på nett eller i ei kokebok.
Eg tenkjer litt på dei elevane som kan ha problem med å lesa, tolka og følja ei skriven oppskrift. Kva kan hjelpa dei? Tanken som slo meg då var; kvifor ikkje lage ein video om korleis ein lagar for eksempel kvit saus. Ideen er at denne videoen skal ta føre seg prosessen med å lage kvit saus, steg for steg. Kan ein slik video vera med å lette læringsprosessen til elevane? Kanskje vert elevane inspirert til sjølve å laga ein video av eit arbeidet som dei gjer i Mat og Helse.

Sjølve arbeidet

Det første eg gjorde var å finna ei basisoppskrift til kvit saus. Det andre eg gjorde var å kartlegga kva reiskap og ingrediensar eg treng for å lage kvit saus. Til slutt måtte eg finna ut kva utstyr og program eg treng for å lage denne videoen. Når alt dette var på plass, laga eg meg ei grunnskisse over korleis eg vil at denne videoen skulle sjå ut. Kva skal eg ha med av tekst, bilde, video og lyd osv.
Eg brukte eit fotoapparat til å ta bilde og videoar. Desse la eg over på datamaskina og kopierte dei inn i Movie Maker. Eg bestemte meg for å gjera ferdig filmen først. Då den var ferdig, laga eg eit tekstmanus til filmen. Eg nytta eit lydopptaksprogram for å ta opp det eg ville fortelje. Her vart det fleire opptak. Etter å ha høyrt på desse fant ut at eg ville nytte litt i frå kvart opptak. Eg lasta ned Audacity, slik at eg kunne redigert lyden slik eg ville ha den.
Fram til no har alt gått fint, men då eg skulle lasta inn lydopptaket fekk eg litt problem. Filtypen var ikkje støtta i Audacity. Eg måtte difor finna eit program som kunne konvertera lyden frå WMA til MP3. Fant då eit program som heiter Switch Sound File Converter. Etter at eg hadde konvertert lydfila, gjekk det fint å lasta den opp i Audacity. Der klypte og limte eg opptaka saman slik eg ville ha det. Til slutt la eg lydopptaket over i Movie Maker og lagra det som eit prosjekt og samstundes publiserte eg det.

Vurdering av arbeidet

Eg meinar at eg kom godt i gang med planlegginga. Etter å ha funne ut kva eg ville lage, gjekk eg rundt med ideen i hovudet nokre dagar. Då eg skulle ta til med sjølve detaljplanlegginga gjekk det ganske fort og greitt å få den ned på papiret.
Når eg skulle ta til med foto og filming, hadde eg alt klart for meg. Derfor synest eg at sjølve foto- og filmseansen gjekk smertefritt. Då den prosessen var ferdig var det heller ikkje noko problem å legge det inn på PC-en. Eg har nytta Movie Maker tidlegare så det var eit program eg kjende til frå tidlegare av. Audacity er også eit program eg har vert borti tidlegare, så bruken av desse ga meg ingen problem. Så vurderinga av produksjonen er at alt gjekk kjempebra og etter planen.
Vurdering av produktet


Eg synest at innleiinga til videoen viser tydeleg kva som er hensikta med den. Elevane forstår her at det kjem ein videosnutt om korleis ein skal lage kvit saus. Vidare synest eg at videoen saman med lyden fungerar godt i seg sjølv, ein treng ikkje legga til noko meir info verken før eller etter. Forhåpentlegvis vil elevane la seg motivera og aktivisera undervegs. Sia det er ein video kan elevane setja den på pause når det passar dei, slik at dei klarar å halde følgje i prosessen. Føler sjølv at innhaldet er sentralt i faget og eg synest at tida eg nytta samsvarar godt med kor sentralt temaet er. Eg føler at videoen er med på å vise prosessen frå a til å. Sit at med eit inntrykk av at bileta og lyden utfyller kvarandre. Rørsla i videoane meinar eg får fram meir enn kva berre tekst og stillbilete ville ha gjort. Tempoet synest eg er ganske bra, er nokon få sekvensar eg synest kanskje gjekk litt fort. Det som kunne ha vore betre er kvaliteten på videoklippa, men dette er det utstyret som avgjer. Ein anna ting med videoklippa er at dersom eg hadde hatt ein assistent, ville det vert lettare å fått til ein endå meir levande presentasjon. Variasjonen mellom stillbilde og video er med på å gjera filmen meir levande, noko som eg synest er med på å gi elevane variasjon, konkretisering, aktivisering og motivasjon i læringsprosessen. Videoen kan nyttast individuelt eller saman med fleire. Etter å ha sett litt i LK-06, synest eg at filmen er med på å dekkje fleire av måla i LK-06 med tanke på læringsplakaten og grunnleggande ferdigheiter. Den er også med på å dekkje nokon av måla under Mat og Helse i LK-06.

Konklusjon

Eg synest at det var ei spennande oppgåve. Ein har godt av å tenkje litt nytt. Synest personleg at det var ei nyttig erfaring og noko som ein kan byggja vidare på. Programma som vart nytta er ganske lette å bruka og dette er noko som ein kan vidareføra til elevane. Ei anna erfaring er nok at det kan vera greitt å ha ein god plan og rettesnor som ein kan følgja. Dette vil nok vera med på å letta arbeidet mykje. Med betre utstyr og litt assistanse kunne nok resultatet vorte betre, men alt i alt er eg godt fornøgd. Når me kjem til opphavsretten her, er det ingen andre enn eg som har den i dette tilfellet, då eg står får alle bilde, videoklipp og lyd. Det einaste er jo eventuelt dei ingrediensane som eg nyttar (merkevare produkt). Dette kan jo eventuelt løysast med at ein tek dei ut av emballasjen, men dette gjorde ikkje eg pga. at det er med på å gi ein sterkare visuelt bilde for eleven. Det er noko dei kjenner att. Eg sit i grunn at med eit inntrykk av at det på ein måte berre er fantasien som kan setja grenser for kva ein vil lage i ein video.

Arbeid med oppgåva etter mottatt respons

Etter å ha lese responsen, har eg gjort litt endring på videoen. Eg fekk ei tilbakemelding som eg sjølv hadde tenkt på, men som eg valte å ikkje ha med i førsteutkastet av videoen. Dette var å ha med tekst på bilder som er med på støtte under det som vert fortalt. Dette har eg no gjort og etter å ha sett eit par gonger på det, synest eg at det virkar ok og ikkje er forstyrrande slik som eg trudde at det ville gjera. Føler at eg har fått vist at eg kan nytta videoverktøy og ser at med betre utstyr og lokalitetar kunne nok resultatet vorte betre med tanke på kvalitet på oppptak og settingen rundt, men eg synest at videoen er eit god utgangspunkt for vidare arbeid.

2 kommentarer:

  1. Kjempebra! Har ikkje tenkt på å bruke video i Mat og helse-faget før. Men det var lurt! Ofte vert oppskriftene delt ut på ark, eller skrivne ned på tavla. Og det er ikkje like lett for alle å lese og forstå ei skriven oppskrift. I tillegg er det nok fleir og fleir som ikkje har noko/noko særleg erfaring med matlaging. Kanskje er det mykje "pose-mat" heime. Og kvit saus laga frå botnen av, er ikkje ei sjølfølge lenger. "Det ein gjer saman med nokon andre i dag, kan ein gjere åleine i morgon"

    Eg tykte videoen hadde passeleg tempo, fine bilete og bra stemme. Den vil nok fungere godt til sitt formål.

    SvarSlett
  2. Synest du har gjort eit glimrande valg av oppgåva her.Eg underviser litt innimellom i det faget, så denne ideen skal eg ta med meg. Men det finnast fleire videoar frå ymse matprogram som kan nyttast i mat og helse. Er og eit program som heiter mat på data som er ypperlig til å finne ut kva du et (ikkje et) kvar dag. Får opp beregninga på kva for mykje og for lite.

    SvarSlett