måndag 31. mai 2010

Innlevering 2

Prøve i Fronter

Oppgåva går ut på at eg skal lage ein prøve i Fronter. Etter å ha sett over den første utgåva med oppgåver som eg laga, bestemte eg meg for å lage nye. Eg synest ikkje at eg fekk med nok av Blooms sine kriterium. Eg valte difor å lage ei ny utgåve. Temaet er valfritt og eg har då valt å lage spørsmål innanfor faget samfunnsfag/historie og temaet er krigar i verda . Spørsmåla skal vera innafor Blooms taksonomi. Eg har ikkje nytta Blooms taksonomi så mykje før, så eg synest at det var vanskeleg å treffe alle nivåa. Men etter å ha sett over dei ulike, synest eg at eg har klart å dekkje dei fleste nivåa. Eg synest at spørsmåla er blant anna med på å dekkje nivå som hukommelse, refleksjon og vurdering. Spørsmåla vil egne seg best for elevar på ungdomssteget.

Eg har valt å gi 1-2 poeng på dei oppgåvene som går på hukommelse og på dei oppgåvene der elevane får alternative svar. Dette fordi det ikkje krev så mykje av elevane. På oppgåvene der elevane må skrive svaret sjølv, vert det forventa at elevane skal reflektere, vurdere osv. har eg valt å gi poeng mellom 0-5. Vidare har eg valt at desse oppgåvene skal rettast manuelt, sidan det er mykje tekst som eleven skal skriva. Det vil verta lettare å vurdera innhaldet og setje poeng ut i frå det. Ved å leggje inn stikkord m.m. i rettinga vert det ikkje rom for skrivefeil eller liknande i svara.

I min tid som student har eg ikkje laga så mange prøvar, så dette var ganske nytt for meg. Eg synest at dette var lærerikt og dette er noko som eg vil ta med meg vidare og nytta i framtida. Eg er meir fornøgd med andreutkastet av oppgåver enn kva eg var med førsteutkastet. Føler at eg har treft meir med tanke på Blooms taksonomi.

torsdag 6. mai 2010

Creative Commons


Har her lagt til eit utdrag av artikkelen til Hans M. Graasvold
Artikkelen er tidligere publisert i NFF-Bulletin i desember 2005


Hvorfor bruke Creative Commons?
Når et verk legges ut på Internett, er det – i mangel av klare anvisninger fra opphavsmannens side – opp til brukeren og hans skjønn å forsøke å forstå hvordan verket kan anvendes.

Hensikten med CC er å avhjelpe denne uklarheten ved å klargjøre for brukeren hvilken utnyttelse av verket som er tillatt, og dermed hvilken bruk som ikke er tillatt. Samtidig er det en uttrykt målsetning at CC-lisensiering skal gi økt og enklere tilgang til blant annet akademisk litteratur, billedmateriale etc., og derved stimulere til økt intellektuell produksjon. Løsningen er først og fremst designet for dem som ønsker å tillate gratis bruk av sine verk, gjerne med tanke på at andre kan videreutvikle dem, samtidig som det holdes fast ved kravet til navn- og kildeangivelse.

Hvorfor ikke?
CC-lisensene gir tillatelse til å bruke verket, og gi andre tillatelse til å bruke det på tilsvarende måte. Samtidig har brukerne ingen plikt til å orientere opphavsmannen nærmere om hva de foretar seg. Creative Commons Corporation har heller ingen forpliktelse til å overvåke bruk av CC-lisensierte verk. I praksis er det derfor umulig for opphavsmannen å føre noen kontroll med bruken av ens verk i det øyeblikk de er publisert under en CC-lisens. Det er ingen åpning i dagens CC-lisenser for at opphavsmannen kan reservere seg mot at det skapes avledede verk som er krenkende, f. eks. injurierende eller blasfemiske, eller ulovlige i henhold til norsk lov.

CC påvirker de etablerte kollektive ordningene
Kopinor krever inn vederlag for fotokopiering av litterære verk. Etter endringene i åvl. vil Kopinor også kreve inn vederlag for elektronisk kopiering av verk, typisk på Internett. Det er et vesentlig poeng ved Kopinors virksomhet at deres rett til å inngå avtaler om kopiering ikke er eksklusiv og at Kopinor ikke kan inngå avtaler om kopiering dersom opphavsmannen allerede har gjort det selv. Dersom opphavsmannen – f. eks. gjennom en CC-lisens – har gitt allmennheten en rett til å ta kopier av et verk vederlagsfritt kan ikke Kopinor kreve inn kopivederlag for denne bruken. For opphavsmannen betyr dette at han ikke kan gjøre krav på kopivederlag for den kopiering som gjøres av dette verket – for eksempel stipend fra Det faglitterære fond.

Artikkelen kan lesast i sin heilskap her.
Dersom du vil lesa bøker som handlar om CC, finn du nokon hjå bokkilden.no.
Les meir om CC hjå Creativecommons.org.

måndag 19. april 2010

Oppgåve i Geoatlas

Kommentar til oppgåva

Det som var vanskelegast med denne oppgåva var å komme fram til kva artikkelen skulle handle om. Det å finne stoff som ein kunne nytte og som ein kunne ha som pålitelege kjelder tok også si tid. Eg valde å skriva ferdig teksten i Word, for så å lime den rett inn i Geoatlas. Dette synest eg fungerte godt, eg følte at eg fekk eit betre overblikk og etter kvart tekstbolk la eg til dei lenkjene som eg ville ha med der. Dette trur eg var med på å letta arbeidet mykje når eg skulle til å legge inn lenkjer og redigera teksten. I sjølve planleggingsprosessen brukte eg ein del tid til å sjå for meg kva eg ville at artikkelen skulle innehalde og korleis den skulle sjå ut. Skreiv ned ein disposisjon som eg brukte, men fant og endringar undervegs. Det eg synest var litt problematisk var kor mykje eg skulle ha med om historia. Den er litt lang, men alt i alt synest eg at eg fekk det sånn noko lunde til. Sit med eit inntrykk om at skal eg ta vekk noko, synest eg at det ikkje kjem til å verta ei heilskap i historia. Elles så ser eg at når eg skulle laga biletserien i moviemaker vart kvaliteten på den endelege filmen ganske dårleg, men det er ikkje noko ein kan gjera med sia det er avgrensingar på antal MB i Geoatlas. Noko anna eg merka er at Editoren i Geoatlas ikkje var der lenger, så eg fekk ikkje gjort nokon endringar på verken skrift eller farge.

Arbeid med artikkelen etter respons

Som eg sjølv nemde i kommentaren til oppgåva mi, var responsen at den var litt lang. Dette har eg gjort noko med. Eg har skrive litt om på teksa i artikkelen og eg har laga fleire pdf-filer som det vert lenkja til i teksten, dette for at lesaren kan får lesa meir om temaet. Vidare har eg jobba litt meir med forslag til opplegg som artikkelen kan nyttast til. Videoen har eg lasta opp på nytt i eit større format, eg fant ut at det hadde skjedd ein feil med den første formateringa, slik at kvaliteten på bileta ikkje vart så god.

måndag 1. mars 2010

Refleksjon av oppgåva

Refleksjonsnotat frå arb.krav 1 for Reimund Breisnes Loven

Tema: Korleis lage kvit saus.


Planlegging

Eg brukte litt tid på å tenkja over kva fag eg ville laga eit læringsobjekt til. Var innom fleire fag, men enda til slutt opp med Mat og Helse. I skulen i dag vert det etter som eg har erfart ikkje nytta mykje digitale læremiddel i dette faget. Oppskrifter vert som regel funne på nett eller i ei kokebok.
Eg tenkjer litt på dei elevane som kan ha problem med å lesa, tolka og følja ei skriven oppskrift. Kva kan hjelpa dei? Tanken som slo meg då var; kvifor ikkje lage ein video om korleis ein lagar for eksempel kvit saus. Ideen er at denne videoen skal ta føre seg prosessen med å lage kvit saus, steg for steg. Kan ein slik video vera med å lette læringsprosessen til elevane? Kanskje vert elevane inspirert til sjølve å laga ein video av eit arbeidet som dei gjer i Mat og Helse.

Sjølve arbeidet

Det første eg gjorde var å finna ei basisoppskrift til kvit saus. Det andre eg gjorde var å kartlegga kva reiskap og ingrediensar eg treng for å lage kvit saus. Til slutt måtte eg finna ut kva utstyr og program eg treng for å lage denne videoen. Når alt dette var på plass, laga eg meg ei grunnskisse over korleis eg vil at denne videoen skulle sjå ut. Kva skal eg ha med av tekst, bilde, video og lyd osv.
Eg brukte eit fotoapparat til å ta bilde og videoar. Desse la eg over på datamaskina og kopierte dei inn i Movie Maker. Eg bestemte meg for å gjera ferdig filmen først. Då den var ferdig, laga eg eit tekstmanus til filmen. Eg nytta eit lydopptaksprogram for å ta opp det eg ville fortelje. Her vart det fleire opptak. Etter å ha høyrt på desse fant ut at eg ville nytte litt i frå kvart opptak. Eg lasta ned Audacity, slik at eg kunne redigert lyden slik eg ville ha den.
Fram til no har alt gått fint, men då eg skulle lasta inn lydopptaket fekk eg litt problem. Filtypen var ikkje støtta i Audacity. Eg måtte difor finna eit program som kunne konvertera lyden frå WMA til MP3. Fant då eit program som heiter Switch Sound File Converter. Etter at eg hadde konvertert lydfila, gjekk det fint å lasta den opp i Audacity. Der klypte og limte eg opptaka saman slik eg ville ha det. Til slutt la eg lydopptaket over i Movie Maker og lagra det som eit prosjekt og samstundes publiserte eg det.

Vurdering av arbeidet

Eg meinar at eg kom godt i gang med planlegginga. Etter å ha funne ut kva eg ville lage, gjekk eg rundt med ideen i hovudet nokre dagar. Då eg skulle ta til med sjølve detaljplanlegginga gjekk det ganske fort og greitt å få den ned på papiret.
Når eg skulle ta til med foto og filming, hadde eg alt klart for meg. Derfor synest eg at sjølve foto- og filmseansen gjekk smertefritt. Då den prosessen var ferdig var det heller ikkje noko problem å legge det inn på PC-en. Eg har nytta Movie Maker tidlegare så det var eit program eg kjende til frå tidlegare av. Audacity er også eit program eg har vert borti tidlegare, så bruken av desse ga meg ingen problem. Så vurderinga av produksjonen er at alt gjekk kjempebra og etter planen.
Vurdering av produktet


Eg synest at innleiinga til videoen viser tydeleg kva som er hensikta med den. Elevane forstår her at det kjem ein videosnutt om korleis ein skal lage kvit saus. Vidare synest eg at videoen saman med lyden fungerar godt i seg sjølv, ein treng ikkje legga til noko meir info verken før eller etter. Forhåpentlegvis vil elevane la seg motivera og aktivisera undervegs. Sia det er ein video kan elevane setja den på pause når det passar dei, slik at dei klarar å halde følgje i prosessen. Føler sjølv at innhaldet er sentralt i faget og eg synest at tida eg nytta samsvarar godt med kor sentralt temaet er. Eg føler at videoen er med på å vise prosessen frå a til å. Sit at med eit inntrykk av at bileta og lyden utfyller kvarandre. Rørsla i videoane meinar eg får fram meir enn kva berre tekst og stillbilete ville ha gjort. Tempoet synest eg er ganske bra, er nokon få sekvensar eg synest kanskje gjekk litt fort. Det som kunne ha vore betre er kvaliteten på videoklippa, men dette er det utstyret som avgjer. Ein anna ting med videoklippa er at dersom eg hadde hatt ein assistent, ville det vert lettare å fått til ein endå meir levande presentasjon. Variasjonen mellom stillbilde og video er med på å gjera filmen meir levande, noko som eg synest er med på å gi elevane variasjon, konkretisering, aktivisering og motivasjon i læringsprosessen. Videoen kan nyttast individuelt eller saman med fleire. Etter å ha sett litt i LK-06, synest eg at filmen er med på å dekkje fleire av måla i LK-06 med tanke på læringsplakaten og grunnleggande ferdigheiter. Den er også med på å dekkje nokon av måla under Mat og Helse i LK-06.

Konklusjon

Eg synest at det var ei spennande oppgåve. Ein har godt av å tenkje litt nytt. Synest personleg at det var ei nyttig erfaring og noko som ein kan byggja vidare på. Programma som vart nytta er ganske lette å bruka og dette er noko som ein kan vidareføra til elevane. Ei anna erfaring er nok at det kan vera greitt å ha ein god plan og rettesnor som ein kan følgja. Dette vil nok vera med på å letta arbeidet mykje. Med betre utstyr og litt assistanse kunne nok resultatet vorte betre, men alt i alt er eg godt fornøgd. Når me kjem til opphavsretten her, er det ingen andre enn eg som har den i dette tilfellet, då eg står får alle bilde, videoklipp og lyd. Det einaste er jo eventuelt dei ingrediensane som eg nyttar (merkevare produkt). Dette kan jo eventuelt løysast med at ein tek dei ut av emballasjen, men dette gjorde ikkje eg pga. at det er med på å gi ein sterkare visuelt bilde for eleven. Det er noko dei kjenner att. Eg sit i grunn at med eit inntrykk av at det på ein måte berre er fantasien som kan setja grenser for kva ein vil lage i ein video.

Arbeid med oppgåva etter mottatt respons

Etter å ha lese responsen, har eg gjort litt endring på videoen. Eg fekk ei tilbakemelding som eg sjølv hadde tenkt på, men som eg valte å ikkje ha med i førsteutkastet av videoen. Dette var å ha med tekst på bilder som er med på støtte under det som vert fortalt. Dette har eg no gjort og etter å ha sett eit par gonger på det, synest eg at det virkar ok og ikkje er forstyrrande slik som eg trudde at det ville gjera. Føler at eg har fått vist at eg kan nytta videoverktøy og ser at med betre utstyr og lokalitetar kunne nok resultatet vorte betre med tanke på kvalitet på oppptak og settingen rundt, men eg synest at videoen er eit god utgangspunkt for vidare arbeid.

onsdag 24. februar 2010